Visjon fellesnaust

Med fellesnaust kan dei klinkbygde tradisjonsbåtane få ei ny framtid. Fellesnaust er lavterskelmøtestader mellom folk i ulike aldrar midt i både bygd og by. Dette vil fremja fellesskap, naturopplevingar, folkehelse og folkeopplysning gjennom fysisk aktivitet i naturen i tradisjonsbåtar. Ein fin bieffekt med fellesnaust er at ein får vidareført den UNESCO-oppførte kulturtradisjonen bygging og bruk av nordiske klinkbygde tradisjonsbåtar. Folk i alle aldrar får tilgang på både strandlinje og vannspeil. Med elektrisk vinsj og slippvogn på hjulvenleg underlag kan ein person sjø– og landsetja båt åleine på svært kort tid. Klassesett med båtar i ulike storleikar sikrar at både åleinebrukaren og den store gruppa kan koma seg utpå. Eit bærekraftig båtliv står klart i naustet og ventar på deg! Og med fellesnaust midt i både bygd og by kan båtbyggarar få ein stadig straum av byggjeoppdrag.

 

Norskekysten rommar eit rikt mangfald av velforma tradisjonelle båttypar. Dei er resultatet av ei utviklingssoge som går fleire tusen år attende i tid. Båtane har vore heilt avgjerande faktorar for at folk har kunne busetja seg langs Norskekysten. I dag er situasjonen annleis. Grunna vegen, bilen og endra levesett har ikkje tradisjonsbåtane vore særleg sentrale i dei fleste nordmenn sine liv dei siste 50-70 åra. I  dag er folk flest urbaniserte, manglar tilgang på strandlinje, naust, båt og veit ikkje kva ei nygle er. Kva grep kan gjerast for å ta tradisjonsbatane med oss inn i framtida, og ta dei i bruk på ein meiningsfull måte?
 
I eldre tider har ein hatt fleire former for fellesnaust. Leidangskipa stod i naust reist av bygdefellesskapet. Eit seinare døme er nausta til bygdejektene og stader ein har hatt notlag der ulike gardar har hatt part i not og båt. Fellesnaust og felleseigd farkost har ofte vore ei løysing der farkosten har vore i største laget til å handtera for ein eller eit fåtal brukarar. Det kan og vera fattigdom som har forårsaka sambruken. Fleire har gått i lag og delt naust eller båt for å kunne dela på grunnleige og materialkostnader til naust og sjølve båtkjøpet. Etter kvart som organisert båtbruk brer om seg seint på 1800-talet ser ein døme pa lagseigde naust som hyser klubbeigde båtar til organisasjonen sine aktivitetar.
 

 

 
Framleis finst det eit fåtal båtbyggarar som kan kunsten å bygga tradisjonsbåtar, mellom dei meir kjende finst typeomgrep som Nordlandsbåt, Åfjordsbåt, Geitbåt, Nordfjordbåt, Oselvar og Strandebarmar. Oppdraga til båtbyggarane er få og kundane jamnast privatpersonar, som vanlegvis tingar berre den eine båten. Ofte har kundane liten kunnskap og stiller få krav til båtbyggarane. Båtbyggarane får såleis ikkje trening i å bygga alt det som tradisjonen rommar av storleikar og ulike variantar. Ei anna utfordring for båtbyggaren er det økonomiske. Tradisjonelt har båtbyggarane vore sjølvstendig næringsdrivande, men sidan timetalet for ein handbygd trebåt er helst høgt og prisen helst for låg vert utbytet til båtbyggaren som regel skralt. Rekruttering til faget er difor vanskeleg. Omfanget av båtbruken er minkande og stoda i dag er at svært mange i Noreg knapt har noko tilhøve til det som har vore sjølve føresetnaden for busetjinga langs Norskekysten. Å bryta dette mønsteret har vist seg tungt for tradisjonsbåtane. Kanskje trengst det at ein blandar kortstokken på ny, og tankane om fellesnaust er ein freistnad på det.

 

Visjonen

Målsetjingar

• Skapa nærmiljøanlegg og stadsutvikling ved å etablera lavterskel-møtestader mellom folk i ulike aldrar i form av allment tilgjengelege fellesnaust-anlegg som hyser nybygde tradisjonsbåtar tilpassa moderne bruk

• Fremja fellesskap, naturopplevingar, folkehelse og folkeopplysning i både bygd og by gjennom fysisk aktivitet i naturen med tradisjonsbåtar 

• Vidareføra immateriell kulturarv i form av den UNESCO-oppførte kulturtradisjonen bygging og bruk av nordiske klinkbygde tradisjonsbåtar

Fellesnaust = stader som sprer glede!

 

Arkitektonisk manifest

• Fellesnaust skal vera møtestader og tilgjengeleg for alle.

 

• Bygg og infrastruktur har universell utforming og skal fremja heilårs bruk og aktivitet.

 

• Ein båt kan på kort tid og uavhengig av tidevatn enkelt sjø- og landsetjast av ein person åleine.

 

• Fellesnaust nyttar berekraftige løysingar, både tradisjonsbaserte og moderne.

 

• Nausta skal vera solide byggverk av slitesterke materialar bygd for lang levetid i røft klima.

 

• Kvart naust skal ha individualitet, kvart anlegg skal ha gjenkjenneleg preg. 

 

• Aktuelle grep kan vera nybygg, framhald, omdisponering, revitalisering eller omplassering.

 

• Fellesnaust har gjennomtenkte løysingar for at mange ulike brukarar skal kunne ha god sambruk.

 

• Tilpassingar til byggeskikk og ynskjer lokalt skal vera mogleg.

 

• Fellesnaust skal inspirera andre naust- og båteigarar til aktivitet.

 

Enkel sjø- og landsetjing

Med elektrisk vinsj, slippvogn og slipp med hjulvenleg underlag kan ein person åleine og på kort tid sjø- og landsetja uavhengig av vannstand.

Slippvogn

Slippvogner kan lagast av sjøvannstolig aluminium, ei firkanta ramme som er sveist saman av anten U-bjelkar eller firkantrør med dreneringshol. Aksling bak og framme bør plasserast under innved, ofte vil det seia framakslinga under frambandet og bakakslinga under bakbandet. I alle fall frå seksærings storleik kan det med fordel lagast til ein midtaksling òg. Største breidda på ramma bør ikkje vera større enn den største breidda i øvre sua på båten. Under ramma er det svingbare hjul framme og fikserte hjul bak. Hjula bør fungera godt på underlaget, gjerne vera punkteringsfrie, og ikkje minst må både hjul og lager vera produsert med tanke på å tola bruk i saltvatn. Oppå framakslinga bør det sveisast på festepunkt for strekkfisk og borast hol til bolt som held armane som skal støtta båten. Armane bør lagast av U-forma emne. Strekkfiskane gjer at vinkelen på armane enkelt kan regulerast for å høva til ulike båtar.


Båtheis

For å betre utnytta volumet i naustrommet bør ein lage til båtheis. Dermed kan to vogner handtera fire båtar. Båten heng då i ei seng av bandstroppar som går under kjølen. Lengda på bandstroppane bør gå frå nett oppom ripebordet, under kjølen og til nett oppom ripebordet på andre sida. Langskips bør dei plasserast der det er innved i båten og båten må hengja i både langskips og tverrskips balanse. Båtheis til æringar/færingar bør ha tre like bandstroppar og seksæringar bør ha fire. Større båtar som åttring og tiæring er ofte i tyngste laget til å heisast i båtheis. Kanskje er 200 kg ei høveleg maksvekt for båtar som skal heisast. Like over ripa vert lykkjene på bandstroppane kobla i sjakkel, som er festa i trekktauet. Trekktauet går så vertikalt opp gjennom ei blokk som heng oppunder takbjelkane. Derifrå går trekktauet horisontalt oppunder takbjelkane til ei blokk i eine hjørnet på naustet. Der samlar alle seks/åtte trekktaua seg i eit punkt, til dømes ein kraftig nok stålring eller sjakkel. Vinsjtauet vert festa på den andre sida av stålringen. Stålringen må ha nok plass langs langveggen til å gjera heile vandringa frå nedsenka båt til heist båt. Kanskje er det naudsynt med ei blokk eller to mellom vinsj og stålring for å sikra god styring på vinsjtauet, som går langsmed langveggen. Båtheisen bør lagast til med vinsjsstoppar, slik at ein ikkje kan heisa båten for høgt opp mot taket, eller at han stoppar i ei høgd som er lågare enn kvilepunkta på slippvogna, men framleis svevar over golvet. Når båten er vorten heist opp stramar ein opp sikringstaua og låser dei fast i ein tauavlastar. Sikringstaua er langskips plassert like ved kvar bandstropp. Tauavlastar og vinsj er plassert slik at ein kan operera desse utan å vera fysisk under den hengjande båten.

 

Hjulvenleg slipp

Slippen er skråninga nedover mot og ut i vatnet. Her bør det vera eit grusfritt, varig og hjulvenleg toppdekke. Dersom ein vel betong som underlag kan ein støypa 13-17 cm tjukk armert plate i ei forskaling oppe på tørt land. Når støypen er tørr, kan ein med hjelp av sterk nok maskinkraft løftaeller skyva plata ut i sjøen til si endelege plassering, og der bolta ho fast. Eit godt resultat krev sjølvsagt at ein har gjort eit nøyaktig fundamenteringsarbeid på førehand. Andre alternativ til underlag kan vera asfalt, treverk eller vaierskore berg. Hellinga på slippen bør vera 6-7°. Helst bør han gå så langt ut at ein kan sjøsetja uansett vannstand. Det vil i praksis seia til noko forbi sjøkartnull, eller
til marabakken. Godt festa skinner, til dømes av autovern eller vinkeljern, som har same avstand som hjula på slippvognene, kan vera eit alternativ heilt nedst/ytst. Ein litt brattare vinkel heilt nedst/ytst på slippen kan òg vera ei grei løysing.

Klassesett med båtar

Klassesett med båtar i ulike storleikar sikrar at både åleinebrukaren og den store gruppa kan koma seg utpå. Båtane har full tilfarspakke, altså utstyr til både roing, segling og gjerne ein elektrisk påhengsmotor som hjelpekraft om det trengst.

Ein grunntanke er at eit fellesnaust primært hyser nybygde tradisjonsbåtar. Det bør vera fleire båtar i ulike storleikar, slik at det finst tilbod om båt til både den som kjem åleine og til større grupper som vil utpå. Ein god mal kan difor vera å tenkja seg eit klassesett med båtar. Dermed kan ein stor skuleklasse koma seg utpå og alle får vera aktive deltakarar, og ikkje berre vera passive passasjerar. I overgangssonar mellom ulike båttypedistrikt kan eit naustanlegg godt romma båtar frå ulike byggjetradisjonar, men hovudregelen bør vera at eit naustanlegg har flest båtar av den båttypen som var dominerande i området. Ein kan òg sjå for seg at eit fellesnaust-anlegg kan inkludera andre farkosttypar, som til dømes kano, kajakk, segljolle, SUP-brett og landstadsbåt med elektrisk påhengs. Her må likevel tradisjonsbåtane sin store fleksibilitet framhevast sidan dei både kan roast, seglast og brukast med moderat, gjerne elektrisk, motorkraft, i tillegg til at dei kan bæra mykje folk, bagasje, telt og anna last. I ein innleiande fase kan eventuelt eksisterande brukte tradisjonsbåtar i utmerka tilstand gjera teneste ei tid.

Full tilfarspakke

Utstyr for roing
For at kvar båt skal kunne nyttast fullt ut til både roing, segling og motorbruk trengst det full tilfarspakke til kvar båt. Kva vil så det seia? Grunnutrustninga i kvar båt er golvplater i form av plyttar og tiljer i alle rom og skutar. Sitjetofter på banda. Det er i mange tilfeller nyttig om det finst ekstratofter i form av okatofter eller lause sessar som kan setjast ned i skutane. Keipane på alle båtane må ha hamleband og kvar si åre med gnagvern. For at mindre barn skal kunne bidra i roinga kan kanskje litt kortare barneårer i lett komposittmateriale vera ei aktuell løysing for æringar og færingar. For seksæringar og større båtar kan årer som har høve til tohandsgrep vera aktuelt. I tillegg bør det til ei kvar tid vera minst eit par reserveårer i kvar båtstorleik tilgjengeleg i naustanlegget. Kvar båt bør òg ha beslag til ror oppe og nede og tilsvarande på rorbladet. Det bør vera både rorkult hengsla saman med kort styrestong for styring frå bakronga og rorkult med lang styrestong for styring frå baktofta. Ein skal heller ikkje gløyma eit lager med høvelege nygler, ausekar og fangline, sistnemnde kan godt vera om lag 125–140 % av båten si lengde. 

Utstyr for segling
Råseglet er riggtypen med lengst fartstid langs Norskekysten. Difor høver det godt at kvar båt har rigg for råsegl. Dette medfører at det bør lagast til eiga segltofte ved midtbandet, med hakk eller beslag som stør masta. Nede i båten må det vera mastesko, som held foten av masta på plass. Vidare vil det vera naudsynt med festepunkt til sidevant og høve til å festa seglet i ulike posisjonar langs ripe/esing både i framskuten og i bakskuten. Alt etter kvar ein er på kysten kan råseglet vera symmetrisk eller asymmetrisk. For å styra det trengst det mast, rå, rakke, seglspøter og naudsynt tauverk. Tradisjonelle råsegl vert ofte sydd av duk i naturfibrar som ull, hamp, lin eller bomull. Desse treng høve til å hengjast opp til tørking i naustet etter bruk. Det finst òg ein del båttypar som har tradisjon for andre riggtypar. Mest vanleg her er spririgg, luggerrigg, gaffelrigg og bermudarigg. Som regel står då masta lenger fram i båten, altså må det til eigna segltofte og mastesko for dette. Vidare må det vera feste til sidevant, høve til å skjøta segl i ulike langskips posisjonar både ved framskut/framband og ved bakband/bakskut. Forutan mast, spristake/gaffelbom som løftar øvre del av seglet, kan det òg koma til ein bom i underkant av seglet. Dette gjeld særleg segl bakom masta, men kan òg gjelda segl framom masta. Naudsynt tauverk, blokker og festestader for ulike tau på rundholta må òg til. Det er meir vanleg at desse riggtypane får segl sydde av kunstfiberduk. Då er ein mindre avhengig av å hengja opp seglet til tørking etter bruk, men det er uansett ein god vane som forlenger levetida til seglet. Kanskje kan det verta vanleg at ein har
ein mindre rigg utan bom/spilbom og med svært moderat seglareal for introduksjonssegling, og ein litt større rigg med fullt utstyr for meir krevjande sportssegling. Når vinden frisknar på og vert i sterkaste laget for mannskapet om bord, bør det uansett riggtype vera gode løysingar for å redusera seglarealet for trygg seglas.

Særskilt utstyr
I ein god og fullstending tilfarspakke er det meir som høyrer med. For personar som vil bidra i roinga, men som har rørsleutfordringar, kan det vera aktuelt med tofter som har høve til å setja fast hofte/bekkenstøtte. Dersom ein skal ha tung elektrisk rullestol om bord, kan tiljer som fordeler rullestolvekta over to rom vera aktuelt. For dei som vil driva kvikk roing som inkluderer noko av beinkrafta i åretaka, kan løysinga vera ei ramme som kan festast oppå betane. Rullesetet får dermed ein bane det kan vandra langskips i. Når ein fyrst har rullesetet på plass, dukkar det òg opp trong for eit spennbrett med vinkeljustering og reimar til å festa føtene i. Skal ein driva frisk segling er ristroppar mellom betane eit grep som gjer høve til at mannskapet kan vera levande ballast med mesteparten av kroppsvekta utanfor ripa, medan anklane kan festast under ristroppar.

Utstyr for motorbruk
For mange kan tradisjonsbåt med lydlaus og vibrasjonsfri elektrisk motor vera attraktivt. Anten som framdriftskraft åleine, eller som tillegg til roing eller segling. Eit godt alternativ kan då vera elektrisk påhengsmotor. Før ein skrur motoren fast kan ein leggja lause, tynne forsterkningsplater, som er samankobla med tau, over ripa og skru motoren fast på desse platene, i staden for direkte på ripebordet. Særleg når ein skal ta laus motoren kan det vera lurt at tauet mellom platene har såpass lang tamp at ein får festa denne einkvan stad i båten. Eit anna alternativ kan vera at motoren har foldepropell og vert festa i underkant av rorbladet. Med ei slik løysing kan av- og påmonteringa av motoren på rorbladet skje om bord i båten, med mindre risiko for å mista verdifulle smådelar i djupet. Batteriet bør vera i ein kasse med gode bærehandtak og lok som kan festast godt. Ledningane mellom batteri og motor må vera lange nok. Utanpå batterikassen kan det godt vera QR-kode som gjer brukaren høve til å overvaka straumforbruket og batteristatusen via mobiltelefonen. I naustet må batteri ha ein fast ladestad i høveleg løftehøgde.

 

Full tilfarspakke i praksis

Full tilfarspakke i praksis: same seksæring med elektrisk påhengsmotor, stor spriseglsrigg, årer og rigg for råsegl.

Støttespelarar